sjette bok i Det nye testamentet, omfatter 16 kapitler From Wikipedia, the free encyclopedia
Paulus’ brev til Romarane, også kalla Romarbrevet, er eit av breva i Det nye testamentet som har apostelen Paulus sitt namn, og i den kanoniske rekkefølgja er det den sjette boka i Det nye testamentet. Brevet blir rekna til dei breva som visseleg kan seiast å vere skrivne av Paulus. I norske bibeltilvisingar blir brevet etter Bibelselskapet sin standard forkorta «Rom». Det er det lengste av dei paulinske breva.
Brevet blir oftast inndelt i fire hovuddelar. Først ei innleiing (1,1–17), så ein dogmatisk hoveddel (1,18–11,36), ein etisk hovuddel (12,1–15,13) og ei avslutning (15,14–16,27). Det er då lett å sjå kvifor Romarbrevet har vorte sett på som Paulus si dogmatiske arv. Martin Luther kalla brevet ein «hovuddel av Det nye testamentet».
Forfattaren av brevet er Paulus (jf. 1,1), og det er ikkje nokon grunn til å tru at brevet ikkje er eit ekte Paulus-brev. (Det same gjeld Første Korintarbrev, Andre Korintarbrev, Galatarbrevet, Filipparbrevet, Første Tessalonikarbrev og Filemonbrevet). Brevet vart nedteikna med hjelp av ein skrivar, Tertius (jf. 16,22). Bibelforskarane er ikkje samde om Paulus sjølv står bak lovprisinga (doksologien) i 16,25-27 (med bakgrunn i tekstkritiske problem, jf. Fader vår).
Det er ikkje lett å datere brevet nøyaktig. Truleg vart det skrive under den tredje misjonsreisa Paulus gjorde — ho blir oftast datert til om lag år 53–57. Nøyaktig kva tid innanfor dette tidsrommet avheng av kvar ein trur han var då han skreiv det. Det mest trulege er at det vart skrive seint (år 56 eller 57).
Det er vanskeleg å seie kvar Paulus oppheldt seg då han skreiv brevet. Det er vanleg å gå ut i frå at han var i Korint eller i hamnebyen Kenkreæ rett ved. Av 15,25–29 går det nemleg fram at Paulus har avslutta innsamlinga av pengegåver til Kyrkjelyden i Jerusalem etter å ha vore i Makedonia (mellom anna i Thessaloníki) og Akaia (Athen). Han bur dessutan hos Gaius (jf. 16,23) som òg blir nemnt som medlem av kyrkjelyden i Korint i 1 Kor 1,14. I tillegg blir Føbe nemnt; ho var diakon (gr. diakonos) i Korints hamneby Kenkreæ.
Sjølv om adressaten er tydeleg nemnt i preskriptet er det reist tvil om kyrkjelyden i Roma verkeleg er adressaten.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.