Panevėžys
From Wikipedia, the free encyclopedia
Panevėžys (polsk Poniewież, tysk Ponewiesch, tyder staden ved elva Nevėžys) er den femte største byen i Litauen og hovudstad i fylket med same namn. Innbyggjarane i byen er av dei etnisk mest homogene i landet sidan heile 96 % er litauarar.
Panevėžys | |||
by | |||
|
|||
Land | Litauen | ||
---|---|---|---|
Region | Aukštaitija | ||
Fylke | Panevėžys fylke | ||
Areal | 54 km² | ||
Folketal | 87 913 (1. januar 2023) | ||
Folketettleik | 2 291 / km² | ||
Grunnlagd | 1503 (Først nemnd) 1837 (Byrettar) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Panevėžys 55.725°N 24.363888888889°E / 55.725; 24.363888888889 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Panevėžys | |||
Panevėžys ligg om lag halvvegs mellom dei to baltiske hovudstadane Vilnius og Riga. Byen ligg òg langs hovudvegen Via Baltica som går frå Helsingfors til Praha.
I 1897 var det om lag 13 000 innbyggjarar i byen, og omkring halvparten var jødar. Panevėžys hadde i sovjettida ei kraftig vekst som industriby, men leid noko av at han i denne tida ikkje hadde høgare utdanningsinstitusjonar. Likevel er byen kjend for teatera og galleria sine. I 2002 etablerte Kaunas teknologiske universitet eit institutt i Panevėžys som året etter hadde 1623 studentar.
Byen i dag er i Litauen særleg kjend for elektronikkproduksjon og ølmerket Kalnapilis. Sykkelsport er òg godt utvikla.
I Panevėžys ligg det norske industriområdet «Litle Sunnmøre» som i stor grad består av utflytta møbelprodusentar frå Sunnmøre som ved hjelp av norske SIVA-midlar har flytta produksjonen til Litauen for å spare pengar.