pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Pampashjort (Ozotoceros bezoarticus) er ein art i hjortedyrfamilien (Cervidae) som finst i Sør-Amerika. Det er einaste arten i slekta Ozotoceros. Pampashjorten finst i spreidde populasjonar over større delar av Sør-Amerika, mest i Brasil. Han trivst best på savannar (pampas).
Pampashjort | |
Pampashjorthann | |
Pampashjorthoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av Pampashjort | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Hjortedyr Cervidae |
Slekt: | Ozotoceros |
Art: | Pampashjort O. bezoarticus |
Vitskapleg namn | |
Ozotoceros bezoarticus |
Med ei kroppslengd på mellom 110 til 140 cm, ei mankehøgde kring 70-75 cm og ei vekt mellom 25 og 40 kg er arten mykje mindre enn kronhjorten. Hannen vert noko større enn hoa. Pelsen er bleikt raudbrun på oversida og blaknar mot ein sandfarga buk. Begge horna til hannane har tre taggar.
Pampashjorten sine leveområde ligg i Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay. Han har same leveområda som sumphjorten, men trivst på savannar med turr mark i staden for våtmarker. I dag finst arten også på dyrkamark.
Arten lever i små loppar med gjennomsnittleg fem individ. Har dei rikeleg tilgang på føde kan loppane samle seg i flokkar på opp til femti dyr. Desse flokkane løyser seg opp i skumringa. Vanlegvis er pampashjorten aktiv på dagen, men i nærleiken menneska sine bustader er dei aktive i gryninga eller om natta. Etter at ho har gått drektig i cirka sju månader føder hoa ein kalv som har prikkete pels.
Talet på pampashjort gjekk kraftig tilbake då innvandrarar frå Europa tok i bruk slettelandet i Sør-Amerika til beitemarker til husdyr. Verdas naturvernunion reknar ikkje pampashjorten for utryddingstruga, men likevel å ha ein svak populasjonsbase.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.