![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0b/Greenland_East_Coast_7.jpg/640px-Greenland_East_Coast_7.jpg&w=640&q=50)
Drivis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Drivis er oppbrekt havis eller breis som driv i sjøen med vind og straum. Når drivisen vert driven i lag til ein stor masse, vert det kalla pakkis. Vind og straum kan stuve opp isen og danne ryggar på opp til tre-fire meters høgd, noko som kan vere vanskeleg for isbrytarar å penetrere. Slike haugar vert kalla iskoss.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0b/Greenland_East_Coast_7.jpg/640px-Greenland_East_Coast_7.jpg)
Eit isflak er eit stort stykke drivis som kan vere frå titals meter til fleire kilometer i diameter. Store isflak vet òg kalla isfelt eller isflore.
Drivisgrensa i nord strekkjer seg frå Newfoundland, kring 40 ºN, til sørspissen av Grønland og vidare til Jan Mayen, og ligg nordaust i Atlanterhavet på kring 70-75 ºN. I sør ligg drivisgrensa i Atlanterhavet på kring 40 ºN og i Indiahavet på 50–60 °S. Okhotskhavet ved nordkysten av Hokkaidō i Japan er det sørlegaste området på Den nordlege halvkula der ein kan sjå drivis frå polarstrøka.[1]
I mange område, som Austersjøen, vil ein òg ha drivis om vinteren, men denne smeltar når det vert varmare vêr.
![]() |
![]() |