kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Pagani er ein by og ein kommune i provinsen Salerno i regionen Campania i Italia. Kommunen har 36 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 12 km². Pagani ligg 15 kilometer vest for provinshovudstaden Salerno.
Byen er mest kjend for festen til ære for Madonna del Carmine, og som årleg vert halden fyrste søndag etter påske. Frå heile Italia kjem turistar for å delta i feiringa og for å be til helgenen.
Pagani er elles eit mål for pilegrimar som ærar helgenen Alfonso dei Liguori, grunnleggjaren av rørsla redemptoristane, som frå 1775 til han døydde i 1787 budde her. Leivningane etter han vert oppbevart i kyrkja Basilica Sant’Alfonso i Pagani.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.