![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/09/Emblem_of_the_Norwegian_Police_Security_Service.svg/langnn-640px-Emblem_of_the_Norwegian_Police_Security_Service.svg.png&w=640&q=50)
Politiets tryggingsteneste
From Wikipedia, the free encyclopedia
Politiets tryggingteneste (PST, som står for Politiets sikkerhetstjeneste) er ein part Politi- og lensmannsetaten i Noreg, beinveges underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og jamstilt med Politidirektoratet. Tryggingstenesta har som oppgåve å ta vare på landets tryggleik andsynes terrorisme, sabotasje, industrispionasje (spionasje retta mot norske private og offentlege verksemder) og motarbeide spreiing av masseøydeleggingssvåpen. I samband med dette skal tryggingstenesta òg drive kontraetterretning, kontraspionasje. I motsetnad til den militære etterretningstenesta har Politiets tryggingteneste høve til å overvake norske borgarar i samsvar med særskilde reglar.[3]
PST | |||
![]() | |||
![]() | |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 974769484 | ||
Skipa | 1937 | ||
Morselskap | Justis- og politidepartementet | ||
Hovudkontor | Nydalen | ||
Land | Noreg[1] | ||
Grunnleggjar(ar) | Trygve Lie | ||
Adm.dir. | Hans Sverre Sjøvold (1. juni 2019), Beate Gangås (ukjend)[2] | ||
Nettstad | https://pst.no (bokmål) |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/62/Kristian_Welhaven_%28bilde01%29.jpg/640px-Kristian_Welhaven_%28bilde01%29.jpg)
Politiets tryggingteneste har røter attende til åra 1936-1937. I 2002 vart namnet endra frå å vere Politiets overvakingsteneste (Politiets overvåkningstjeneste, avstytt til POT) til det noverande Politiets tryggingteneste (Politiets sikkerhetstjeneste, PST).