Orknøyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Orknøyane[lower-alpha 1] er ei øygruppe nord for Skottland, 16 km nord for kysten av Caithness. Orknøyane består av om lag 70 øyar og 20 av desse er busette.[4][5] Den største øya vert kalla Mainland (eit ord som vanlegvis tyder fastlandet) og er den sjette største øya i Skottland[6] og den tiande største av Dei britiske øyane.
Orknøyane | |||
Orkney Àrcaibh | |||
region | |||
|
|||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | Skottland | ||
Adm.senter | Kirkwall | ||
Areal | 988,7994 km² | ||
Folketal | 22 270 (2019)[1] | ||
Orknøyane 59°N 3°W / 59; -3 | |||
Wikimedia Commons: Orkney Islands | |||
Administrasjonssenteret er Kirkwall, som ligg på Mainland.[7] Byen har omkring 7000 innbyggjarar, medan den einaste andre byen, Stromness, har om lag 2000 innbyggjarar (2004). Med i alt drygt 20 000 innbyggarar har Orknøyane det lågaste folketalet av dei 32 skotske regionane.
Namnet Orknøyane går heilt attende til det fyrste hundreåret f.Kr. eller tidlegare og øyane har vore busette i minst 8500 år. Opphavleg var dei busette av folk frå mellomsteinalderen og yngre steinalder og så av piktarar. Orknøyane vart erobra av Noreg i 875 og busett av nordmenn. Dei vart seinare annekterte av Kongedømet Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til Jakob III, Margaret av Danmark.[8] Orknøyane har nokre av dei eldste og best bevarte steinalderstadene i Europa, og «Heart of Neolithic Orkney» (Hjarta på Orknøyane frå yngre steinalder) har status som ein verdsarvstad.
Orknøyane er ein av 32 regionar i Skottland og eit statthaldarskap. Øyane vert styrte av det lokale regionsrådet Orkney Islands Council.
I tillegg til Mainland, ligg dei fleste av øyane i to grupper, Nord- og Sørøyane. Alle øyane består av old red sandstone (gamal raud sandstein). Klimaet er mildt og jordsmonet særs frodig. Det meste av landet er oppdyrka. Jordbruk er ein av hovudnæringane, medan vindenergi og marin energi stadig vert viktigare.