![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5f/Baptism_%2528coptic_icon%2529.jpg/640px-Baptism_%2528coptic_icon%2529.jpg&w=640&q=50)
Orientalske ortodokse kyrkjer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Orientalske ortodokse kyrkjer omfattar kyrkjesamfunna i den orientalske kommunionen. Dei følgjer dei austlege tradisjonar og var nokre av dei første kyrkjene som utvikla seg i eiga retning. Ein finn hovudsakleg desse kyrkjene i Midt-Austen og Nord-Afrika.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5f/Baptism_%28coptic_icon%29.jpg/320px-Baptism_%28coptic_icon%29.jpg)
Dei orientalsk-ortodokse kyrkjene vart eigne kyrkjer etter Konsilet i Kalkedon i 451 og godtek difor dei første tre kyrkjemøta. Difor blir dei òg kalla pre-kalkedonske kyrkjer. Dei orientalske kyrkjene godtok ikkje konsilet sitt to-natur-lære om at Kristus har to naturar, den menneskelege og den guddommelege, slik dei fleste kristne kyrkjer – mellom anna Den austlege ortodokse kyrkja, Den katolske kyrkja og dei protestantiske kyrkjene – lærer. I kyrkjehistoria har dei difor polemisk vorte omtalt som monofysittar. I nyare tid har dei orientalske ortodokse kyrkjene kome fram til at det eigenleg er liten skilnad mellom læra deira og den læra som blir følgt av Den austlege ortodokse kyrkja. I kjølvatnet av dette har det vore gjort forsøk på å gjenoppta kommunion mellom dei ortodokse og dei orientalske kyrkjene, utan at dette har ført fram.