Operasjon Highjump (OpHjp), offisielt kalla The United States Navy Antarctic Developments Program, 1946-1947, var ein antarktisoperasjon av United States Navy som bleo organisert av kontreadmiral Richard E. Byrd og leia av kontreadmiral Richard H. Cruzen. Operasjon Highjump vart sett i verk 26. august 1946 og varte til slutten av februar 1947. Task Force 68 omfatta 4 700 mann, 13 fartøy og fleire fly. Hovudføremålet til Operasjon Highjump var å etablere forskingsstasjonen Little America IV.[1][2]

Thumb
Little America IV med Kvalbukta i bakgrunnen.
Thumb
USS «Sennet» deltok i Operasjon Highjump.

Tidslinje

Den vestlege flåten av skip under leiing av kaptein Charles A. Bond nådde fram til Marquesasøyane 12. desember 1946, og USS «Henderson» og USS «Cacapon» sette opp vêrstasjonar. Den 24. desember byrja fly frå USS «Currituck» å gjennomføre rekognoseringsturar.

Den austlege flåten under leiing av kaptein George Dufek nådde Peter I Øy i slutten av desember 1946.

1. januar 1947 vart «Jack Browne» dykkermaskar og DESCO oksygenutstyr nytta på dei første amerikanske dykkertokta under den antarktiske isen.[3] Paul A. Siple var representant for US War Department på ekspedisjonen.

Den sentrale flåten, leia av kontreadmiral Richard H. Cruzen, nådde fram til Hvalbukta 15. januar 1947 og bygde her basen Little America IV med tilhøyrande rullebanar.

Marinefartøy og personell vart sende tilbake til USA i slutten av februar 1947 då operasjonen vart avslutta på grunn av dei forverra vêrtilhøva og at vinteren kom tidleg.[2]

Ein oppfølgingsekspedisjon, Operasjon Windmill, returnerte til området sommaren etter (1947–1948).

Menneskelege tap

30. desember 1946 omkom radiooperatørane Wendell K. Hendersin, Fredrick W. Williams og Maxwell A. Lopez då deira PBM Mariner «George 1» styrta under ein snøstorm. Seks av mannskapet overlevde ulukka og vart berget 13 dagar seinare. Ein plakett vart seinare oppført ved McMurdo Station til minne om dei tre omkomne mennene. I tillegg omkom Vance N. Woodall under lossing av eit skip på Rossbarrieren.

Sjå òg

  • Antarktisekspedisjonar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.