From Wikipedia, the free encyclopedia
Siegfried, WWV 86C, er ein tyskspråkleg opera i tre akter med tekst og musikk av Richard Wagner, og inngår som det tredje av fire musikkdrama som utgjer Wagners syklus Nibelungenringen (Der Ring des Nibelungen).[1] Siegfried hadde premiere i Bayreuth Festspielhaus den 16. august 1876, som ein del av den første komplette framsyninga av Ring-syklusen. Historia er basert på legender og segn frå germansk og norrøn mytologi, i hovudsak forteljinga om den unge helten Sigurd sitt liv (som på tysk vert kalla for Siegfried).
WWV 86C Opera av Richard Wagner | |||
Siegfried drep draken Fafner, illustrasjon av Arthur Rackham (1911) | |||
Periode | Romantikken | ||
---|---|---|---|
Urframføring | 16. august 1876 | ||
Typisk lengd | ca. 4 timar | ||
Satsar/akter | 3 aktar | ||
Libretto av | Richard Wagner |
Rolle | Stemmeleie | Rollebesetning, 16. august 1876
(Dirigent: Hans Richter) |
---|---|---|
Siegfried | tenor | Georg Unger |
Mime, ein dverg | tenor | Max Schlosser |
Der Wanderer (vandraren) | bassbaryton | Franz Betz |
Alberich, ein dverg | baryton | Karl Hill |
Fafner, ein drake | bass | Franz von Reichenberg |
Waldvogel (skogsfugl) | sopran | Marie Haupt |
Erda | alt | Luise Jaide |
Brünnhilde | sopran | Amalie Materna |
Elementer av handlinga til Siegfried kjem frå ei rekke forskjellige kjelder.
I eit brev til Theodor Uhlig gav att Wagner forteljinga Märchen von einem, der auszog das Fürchten zu lernen (Eventyr om ein som sette seg føre å læra frykt), basert på eit eventyr av Grimm-brørne. Ho handlar om ein gut så dum at han aldri hadde lært å vera redd. Wagner skreiv at denne guten og Siegfried er den same karakteren. Guten lærer seg frykta av kona si, og Siegfried lærer det når han oppdagar den sovande Brünnhilde.[2]
Siegfrieds evne i akt 2 til å sjå gjennom Mimes svikefulle ord ser ut til å ha vorte henta frå ein gateteaterversjon frå 1800-talet av historia om Faust.[3]
Nokre element av historia er henta frå legender som omhandlar Sigurd, særleg Volsungesoga og Soga om Didrik av Bern. Scene 1 i akt 3 (mellom vandraren og Erda) har ein parallell i Edda-diktet Baldrs draumar, der Odin spør ein volve om framtida til gudane.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.