Onyx River
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Onyx River er ei periodisk elv av smeltevatn som flyt vestover gjennom Wright Valley frå Nedre Wrightbreen og Lake Brownworth ved foten av isbreen til Lake Vanda. Elva flyt nokre få månader under den antarktiske sommaren.
Onyx River | |||
elv | |||
Onyx River flyt ut i Lake Vanda | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 77.5333°S 161.567°E | ||
Lengd | 40 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Onyx River 77.4359°S 162.7102°E | |||
Wikimedia Commons: Onyx River | |||
Onyx River er ei av mange som vert studert av United States Antarctic Program av National Science Foundation. Elva flyt bort frå havet sidan Wrightbreen blokkerer innløpet til dalen. Ho er den lengste elva i Antarktis, med ei lengd på 40 km. Ho har fleire sideelvar og det er sett ut fleire vêrstasjonar langs heile elva. Vassnivået i elva er særs varierande, både i løpet av døgnet og året, og somme år tørkar elva inn før ho i det heile når innsjøen. Dei åra vassføringa er stor kan ho derimot føre til stor erosjon og ho vart rafta i 1984 av forskarar frå New Zealand. Det er ikkje noko fisk i Onyx River, men det finst mikroskopisk liv og algeveksten kan vere ganske omfattande. Antarktis New Zealand har halde ein delvis permanent leir ved Lake Vanda som har vore nedlagt dei siste åra. I dag er det ei lita hytte ved austenden av Lake Vanda.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.