![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/56/Rooster_crowing.jpg/640px-Rooster_crowing.jpg&w=640&q=50)
Onomatopoetikon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Onomatopoetikon, onomatopoetikum, eller lydord, er slike ord og nemningar i språket som hermer naturlege lydar for å fortelje kva det gjeld. Onomatopoetikon er til dømes slike verb som suse, visle, dundre, substantiv som brak, dunder, visling, pling, ding-dang, og slike som gjev att dyre- og fuglelydar, som til dømes gakk, mø, mjau, vov. Nemninga for fuglen kråke er likeeins eit onomatopoetikon ved beinveges å herme den lyden fuglen har: «kra-kra».
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/56/Rooster_crowing.jpg/640px-Rooster_crowing.jpg)
Interessant er det at dyrelydar vert attgjevne på ulikt vis i ulike språk, slik at til dømes eit hanegal, som på norsk vert attgjeve med kykkeli-ky, heiter noko anna på fransk: cocorico.