From Wikipedia, the free encyclopedia
Olof Celsius d.e. (19. juli 1670–24. juni 1756) var ein svensk botanikar, språkforskar, runeforskar og prest. Han var den første bryologen, moseforskaren, i Sverige.
Olof Celsius d.e. | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 19. juli 1670 Uppsala domkyrkoförsamling |
Død | |
Yrke | lingvist, prest, historikar, teolog, botanikar, universitetslærar, orientalist, klassisk filolog, runologist, filosof |
Språk | svensk |
Medlem av | Kungliga Vetenskapsakademien |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Magnus Celsius |
Mor | Sara Edmundsdotter Figrelia |
Olof Celsius d.e. på Commons |
Olof Celsius var son til naturvitskapsmannen og språkforskaren Magnus Nicolai Celsius og Sara Edmundi Figrelia, og bror til astronomen Nils Celsius, far til Anders Celsius, som også var astronom. Olof Celsius var gift med Margareta Insulander og far til Olof Celsius d.y. og Magnus von Celse.
Celsius studerte ved Uppsala universitet, men studiane blei avbrotne av pengemangel. Han fullførte takka vere hjelp frå kong Karl XI. Etter studiane drog han utanlands og nådde Italia.
Celsius var professor i gresk ved Uppsala universitet frå 1703, professor i orientalske språk same stad frå 1715, professor i teologi frå 1727 og domprost frå 1736. Han var rektor ved Uppsala universitet i fleire periodar, første gong i 1711.
I 1739 blei Celsius vald inn i det nyskipa Kungliga Vetenskapsakademien saman med brorsonen Anders Celsius. Han var også ein leiande person innan det lærde samfunet Bokvettsgillet, som seinare blei til Uppsala Vetenskapssocietet.
Dei arbeida som gjorde Celsius kjend i Europa var eit verk i to delar over vekstar i Bibelen (1745-1747), og utgjevinga av faren si tolking av hälsingerunene. Hans fremste innsatsar var å samle mosar og slik vere ei inspirasjonskjelde for Carl von Linné, vidare å datere dei fleste runesteinane i Sverige, og å ha forsøkt motarbeide den oppblomstrande gøtisismen som Olof Rudbeck d.e. hadde lagt grunnlag for. Kritikken mot Rudbeck var tufta på alderen og opphavet til runene.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.