Oljelampar er kunstige lyskjelder som bruker olje som drivstoff for ein flamme. Dei gjev ei form for levande lys som er sterkare enn eit stearinlys, men svakare enn ein parafinlampe.
Lampen består av eit kar, gjerne av metall eller steintøy, som blir fylt med olje av ulike slag, til dømes planteolje, dyrefeitt eller petroleum. Oljelampen lyser ved at ein halvvegs nedsenkt veik trekker til seg olje i den eine enden og brenn i den andre.
Historie
Oljelampar har ei lang historie og har vore brukte i mange kulturar. Dei er kjende frå historier som «Aladdin og den magiske lampen» og frå den kristne likninga om dei fem kloke og dei fem dårlege møyane (Matt. 25:1-13) som måtte venta natta gjennom med oljelampane sine.
I middelhavslanda brukte ein oljelampar med olivenolje til godt innpå 1800-talet, i avsidesliggjande område til 1900-talet. I dag blir oljelampar helst brukt til symbolske føremål, som til religiøse ritual i hinduismen og jødedommen.
Galleri
- Oljelampe i granitt frå bronsealderen på Ródos (1500-1400 f.Kr.).
- Antikk gresk oljelampe (til høgre)
- Kopi av ein romersk oljelampe av bronse med kristne symbol.
- Bysantisk oljelampe forma som ein hest frå 300-500-talet.
- Rund oljelampe av kleberstein med mange opningar for veikar. Frå Nisjapur, 800-900-talet.
- Maurisk oljelampar frå 1000-talet.
- Tamilsk oljelampe i sølv.
- Israelsk menora frå 1948.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.