Oljekrisa i 1973
From Wikipedia, the free encyclopedia
Oljekrisa var det populære namnet på den energikrisa som ramma den vestlege verda då oljeproduserande land organisert i OPEC i 1973 iverksette oljeboikott. Boikotten kom som straffereaksjon mot statar som støtta Israel, særleg i samband med Yom Kippur-krigen. Oljeprisen auka 70 prosent i oktober, deretter kom ei ny auke på 130 prosent i desember. I desember 1973 vart det òg iverksett ein mellombels blokade av all utskiping av olje til hamner i USA og Nederland.