![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b8/Olenyokrivermap.png/640px-Olenyokrivermap.png&w=640&q=50)
Olenjok
From Wikipedia, the free encyclopedia
Olenjok (russisk Оленёк) er ei stor elv nord i Sibir i Russland. Elva er 2292 km lang, der rundt 1000 km kan nyttast til skipsfart, og har eit nedslagsfelt på 219 000 km². Den største sideelva hennar er Arga-Sala.
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Olenjok | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 219 000 km² | ||
Lengd | 2 292 km | ||
Middelvassføring | 95,7 m³/s | ||
Kjelde | Det sentralsibirske platået | ||
Munning | Laptevhavet | ||
![]() Olenjok 67.5881°N 105.1544°E / 67.5881; 105.1544 | |||
Wikimedia Commons: Olenyok River | |||
Lukk
Elva har utspring nord på Det sentralsibirske platået og renn frå her nordaustover gjennom Olenjok, før ho munnar ut i Olenjokbukta i Laptevhavet ved Ust-Olenjok like vest for Lenadeltaet.
Olenjok er kjend for å vere rik på fisk. Ho er isdekt over åtte månader kvar år og klimaet i området er hardt.
- Djangylakh eller Dzjangylakh (Ostrov Djangylakh) 73.089°N 120.140°E / 73.089; 120.140 er ei stor, flat deltaøy som ligg ved munningen av Olenjok. Det er fleire mindre øyar like i nærleiken, som Eppetøya på austsida, men ingen er like store. Djangylakh er 21 km lang og 16 km brei.