norsk fotograf From Wikipedia, the free encyclopedia
Olai Fauske (1887–1944) var ein norsk portrett- og prospektfotograf.
Olai Fauske | |
Sjøvportrett av Olai Fauske | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. november 1887 Naustdal kommune |
Død | |
Yrke | fotograf |
Olai Fauske på Commons |
Fauske var fødd på garden Fauske i dåverande Naustdal kommune. Han døydde i Førde.
I 1905 gjekk Fauske i lære hos fotograf Otto Talle i Bergen. Same år etablerte han seg som fotograf på heimstaden. I 1912 etablerer han seg med atelier i Førde og grunnlegg firmaet O. Fauske. Fauske reiste mykje rundt og fotograferte i heimbygda og områda rundt - for det meste prospektkort og portrett. Sambygdingar og andre frå Sunnfjord som hadde utvandra til USA var ein viktig del av Fauske sitt kundegrunnlag. Firmaet vart etter Fauske døydde overteke av Tom Vassdal.
Både negativarkivet, bedriftsarkivet og gjenstandar etter Olai Fauske er bevart. Negativarkivet omfattar kring 8000 negativ, og er tilgjengeleg på nett hos Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Gjenstandar frå Fauske sitt atelier i Førde er bevart ved Sunnfjord Museum.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.