Ohausjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ohausjøen (Lake Oahu)[2] er ein bresjø i Mackenzie Basin på Sørøya på New Zealand. Han får tilførsler frå elvene Hopkins og Dobson, som kjem frå Søralpane, og har utløp til Ohauelva, som sjølv er ein del av Waitakielva hydroelektriske prosjekt.
Ohau | |||
innsjø | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Hopkins River, Dobson River | ||
Utløp | Ohau River | ||
Nedslagsfelt | 1 198[1] km² | ||
Høgd over havet | 520[1] moh. | ||
Koordinatar | 44°15′S 169°51′E | ||
Ohausjøen 44.25°S 169.85°E | |||
Plasseringa til Ohausjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Ohau | |||
Ohausjøen er den minste av tre tilnærma parallelle innsjøar som ligg i nord-sør-retning langs den nordlege grensa til Mackenzie Basin, dei andre er Pukaki- og Tekaposjøen. Han har ei overflate på 60 km².
Skisenteret Ohau ski field ligg ved den sørvestlege breidda til sjøen.
Ohausjøen utgjer ein del av den tradisjonelle grensa mellom regionane Otago og Canterbury. Hopkins River spring ut frå det nordlege punktet i Otago. Geografisk ligg innsjøen i den nordvestlege delen av Waitaki District, sør i Canterbury.[3]
Ohausjøen ligg ved sykkelvegen Alps 2 Ocean Cycle Trail.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.