Nynorsk salmebok
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte vart redigert av Bernt Støylen, Peter Hognestad og Anders Hovden og utgjeven 1925. Ved kongeleg resolusjon 18. desember same året vart ho godkjend for bruk i gudstenesta i dei sokn som gjorde vedtak om det. Den fyrste kyrkjelyden som tok i bruk Nynorsk salmebok, var kyrkjelyden ved Nesland kyrke, frå 15. november 1925.
Presteforeninga meinte at salmeboka berre burde godkjennast som tillegg til ei anna salmebok. For å komme denne kritikken i møte, vart det ved kongeleg resolusjon av 1. okt. 1926 vedteke at Nynorsk salmebok skulle ha eit bokmålstillegg med 200 salmar or den gamle og den nye Landstads Salmebok. Denne boka vart utgjeven under namnet Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og skule.
Salmeboka vart utgjeven på Det Norske Samlaget.
Salmeboka har åtte bolkar:
Av dei nynorske er det 111 originale av Elias Blix og 75 omsette, av Anders Hovden 128 originale og 81 omsette og av Bernt Støylen 62 originale og 139 omsette.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.