From Wikipedia, the free encyclopedia
Nord-Dakota er ein delstat i den nordamerikanske staten USA. Han ligg i den delen av USA som vert kalla Midtvesten og har grense mot Minnesota i aust, Sør-Dakota i sør, Montana i vest og mot Canada i nord. Den vestlege halvdelen av staten er òg ein del av The Great Plains. Hovudstaden er Bismarck, medan den største byen er Fargo. University of North Dakota ligg i byen Grand Forks, medan North Dakota State University ligg i Fargo.
Nord-Dakota North Dakota | |||
delstat | |||
|
|||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | det kontinentale USA | ||
Hovudstad | Bismarck | ||
Areal | 183 112 km² | ||
• land | 178 647 km² | ||
• vatn | 4 465 km² | ||
Folketal | 755 393 (2017) | ||
Folketettleik | 4 / km² | ||
Guvernør | Doug Burgum (R) | ||
Før innlemming | Dakota-territoriet | ||
Innlemma i USA | 2. november 1889 | ||
Statsnummer | 39. eller 40. | ||
Forkorting | ND | ||
Nord-Dakota 47.5°N 100.5°W | |||
Kart som viser Nord-Dakota.
| |||
Wikimedia Commons: North Dakota | |||
Nettstad: nd.gov | |||
Nord-Dakota var opphavleg busett av mandanfolk. Nybyggarane busette seg seinare og nokre av desse var mellom anna nordmenn. I dag har 30 % av befolkninga norske anar. Nord Dakota vart opptatt som den 39. delstaten i USA den 2. november 1889. På 1800-talet vart Nord-Dakota rekna som ein del av den ville vesten. Tidlegare var staten ein del av Dakota-territoriet (oppkalla etter dei innfødde dakotafolka).
Elva Missouri renn gjennom den vestlege delen av delstaten, og dannar innsjøen Lake Sakakawea. Den vestlege delen av staten har eit kupert landskap, og har naturressursar som kol og olje. I aust har Red River of the North forma Red River Valley. Denne regionen er eit fruktbart jordbruksområde. Landbruk har lenge dominert økonomien og kulturen i Nord Dakota.
Nord-Dakota har det sjuande største jordbruksarealet i USA, med fokus på kornproduksjon - kveite, mais og soyabønner. Med 1,9 millionar storfe er staten mellom dei større kjøttprodusentane i USA. Gardsbruka er relativt store, slik at behovet for landbrukssubsidiar er mindre enn i mange andre av dei store amerikanske jordbruksstatane. Nord-Dakota har den nest største bygg-produksjonen og har den største produksjonen av kveite i USA.
Økonomiske nøkkeltal | verdi | % av BNP | År. kjelde |
---|---|---|---|
BNP | 26,4 mrd US$ | 2006, Commerce Dept, Bureau of Economic Analysis, US | |
Arbeidsløyse | 3,2% | 2006, Labor Dept, Bureau of Labor Statistics, US | |
Andel fattige | 11,3% | 2005-06, Commerce Dept, Bureau of the Census, US | |
Inntekt pr innb | 32.552 US$ | 2006, Commerce Dept, Bureau of Economic Analysis, US |
Kilde: The World Almanac 2008, side 45 og 555-587.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.