From Wikipedia, the free encyclopedia
North American AT-6 Texan er eit treningsfly som vart brukt til vidare utdanning av pilotar før dei fekk trening på det flyet dei skulle fly i teneste. AT var den amerikanske forkortinga for Advanced Trainer, men etter 1948 fekk alle treningsfly prefikset T, og AT-6 Texan vart T-6 Texan. I britisk og kanadisk teneste fekk flyet namnet Harvard, og dette namnet vart brukt òg blant anna i Noreg. Over 20 000 fly vart bygd og flyet var framleis i teneste i flyvåpenet til Paraguay så seint som 1999. Ein Harvard er òg framleis i registeret i britiske RAF, i teneste hos Defence Evaluation and Research Agency. Over 1 100 Texan/Harvard/SNJ er framleis verna og svært mange er framleis flydyktige. Nokon vert operert av fleire flyvåpen som «museum-flights», men ei stort mengd fly er òg i hendene på private operatørar og ein kan jamleg sjå flyet på flyshow. Det finst tre flygedyktige Harvard-fly i Noreg - LN-PFX, LN-TEX og LN-WNH.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.