Normalfordeling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Normalfordeling eller ei gausskurve, er i matematikken (hovudsakleg i sannsynsteori og statistikk) den desidert viktigaste fordelinga. Ein normalfordelt variabel antek ofte verdien som ligg nær middelverdien, og sjeldan verdien som har stort avvik. Difor ser normalfordelinga ut som ei klokke (bjølle), og internasjonalt nyttar ein ofte nemninga bell curve.
Normalfordelinga er den desidert viktigaste fordelinga i statistikken. Dette hengjer saman med eit matematisk resultat som blir kalla sentralgrenseteoremet. Resultatet inneber at summen av ei stor mengd uavhengige tilfeldige variablar er tilnærma normalfordelt under visse allmenne føresetnader, uavhengig av kva for ei fordeling desse variablane hadde i utgangspunktet. Dette resulterer i at normalfordelingen dukkar opp fleire stader i naturen og samfunnet, og fleire hendingar kan med stor nøysemd skildrast av normalfordelinga.