Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti
norsk politisk parti / From Wikipedia, the free encyclopedia
Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA) blei danna den 1. mars 1921, etter at konflikten mellom Den socialdemokratiske opposition og fleirtalsretninga i Det norske Arbeidarpartiet (DNA) nådde høgdepunktet sitt. Konflikten dreia seg mykje om DNA framleis skulle vere medlem i Den Kommunistiske Tredje Internasjonalen (Komintern), og blei tilspissa ved at fleirtalet med Martin Tranmæl i brodden godtok dei såkalla «Moskvatesene», dei autoritære vilkåra for medlemskap denne organisasjonen hadde vedteke i 1920. Eitt av desse vilkåra var å ekskludere «reformistar» og «sentristar», og medlemene i den organiserte sosialdemokratiske opposisjonen kunne etter dette vente å bli utestengde kva tid som helst. Dei bestemte seg difor for å skipe parti før det kom til det.
Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | januar 1921 | ||
Nedlagt | 1927 | ||
Forgjengar | Arbeidarpartiet | ||
Fusjonert med | Arbeidarpartiet | ||
Ideologi | Sosialdemokrati, antikommunisme ![]() | ||
Politisk posisjon | sentrum-venstre |
Blant dei fremste medlemene i NSA var Olav Oksvik frå Møre og Romsdal, som blei reisesekretær for det nye partiet.