![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e4/Nordfjord_folkeh%25C3%25B8gskule.jpg/640px-Nordfjord_folkeh%25C3%25B8gskule.jpg&w=640&q=50)
Nordfjord folkehøgskule
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordfjord folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule som ligg på Vereide i Gloppen kommune i Vestland fylke. Skulen tar årleg imot om lag 135 elever, og er eigd av Normisjon. Skulen kallar seg «friluftslivskulen» og gjer mykje bruk av naturområda i kommunen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e4/Nordfjord_folkeh%C3%B8gskule.jpg/640px-Nordfjord_folkeh%C3%B8gskule.jpg)
Skulen vart bygd i 1923 som Nordfjord ungdomsskule av Nordfjord indremisjon, no Normisjon region Sogn og Fjordane. I 1923 var kristelege folkehøgskular allereie oppretta i Førde og Balestrand. Skulen på Vereide vart bygd som ei åndeleg motvekt til radikalismen representert av Firda vidaregåande skule som vart bygd på Sandane året i før (1922). Bertel Kåle vart den fyrste styraren ved skulen. Han kom frå ei stilling som lærar ved Sunnfjord Folkehøgskule i Førde. Skulen har reist ein minnestein etter Kåle på skulen.
Nordfjord folkehøgskule har etablert Gloppefjord Sommarhotell for å sikre inntekter i sommarhalvåret. Hotellet tilbyr romma i hovudbygningen. Sandane Vandrarheim er også ein del av utleiesatsinga til skulen, det internatromma til skulen vert leigde ut. Skulelokala er også brukt til arrangement og lokale tilstellingar i samband med høgtider og 17. mai.