Norderney
From Wikipedia, the free encyclopedia
Norderney er ei av dei sju busette austfrisiske øyane i Nordsjøen utanfor kysten av Tyskland, og ein kommune i landkreis Aurich i Niedersachsen.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Norderney | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Stad | Vadehavet i Nordsjøen |
Koordinatar | 53°42′26″N 07°08′49″E |
Øygruppe | Dei austfrisiske øyane
|
Areal | 26,3 km²
|
Administrasjon | |
Land | Tyskland |
Delstatar Landkreis | Niedersachsen Aurich
|
Demografi | |
Folketal | 6 200 (2006) |
Folketettleik | 236 /km² |
Lukk
Øya er 14 km lang og om lag 2,5 km brei, har eit totalt areal på 26,4 km², og er med det den tiande største øya i Tyskland. Norderney har om lag 6 200 innbyggjarar: I 1946 fekk Norderney kommunestatus. På nordsida av øya ligg det ei 14 km lang strand.
Naboøya i aust er Baltrum, som ligg 800 meter borte. 3 km mot vest ligg Juist.
Heile den austlege halvdelen av Norderney høyrer til Wattenmeer nasjonalpark. Det er avgrensa tilgang til for å verne dyrelivet.
Frå Norderney er det ferjesamband til byen Norden på fastlandet. Norderney har òg ein flyplass med ei 1 000 meter lang rullebane.