Nominasjonane til Nordisk råds litteraturpris frå Danmark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sidan 1962 har Nordisk råd årleg delt ut Nordisk råds litteraturpris for eit skjønnlitterært verk skrive på språket i eit av dei nordiske landa. Frå Danmark har det heilt frå starten i 1962 vore nominert to kandidatar kvart år, og danske forfattarar har vunne prisen til saman 13 gonger (om ein tel med William Heinesen). Nominasjonane vert gjort av ein nasjonal komité på tre personar (to ordinære medlemmer + ein suppleant). Komitémedlemmene vert utpeika av Nordisk ministerråd for fire år i gongen.