Nittedal kommune
kommune i Akershus fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Nittedal er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar i nord til Lunner og til Nannestad, i aust til Gjerdrum, i søraust til Lillestrøm og i sør og vest til Oslo.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Nittedal kommune | |||
kommune | |||
Nittedal sentrum | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Adm.senter | Rotnes | ||
Areal | 186,23 km² | ||
• land | 180,29 km² | ||
• vatn | 5,94 km² | ||
Folketal | 25 882 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Rune Winum (H) | ||
Kommunenr. | 3232 | ||
![]() Nittedal kommune 60.073055555556°N 10.872222222222°E / 60.073055555556; 10.872222222222 | |||
Wikimedia Commons: Nittedal | |||
Nettstad: www.nittedal.kommune.no | |||
Lukk
Nittedal kommune har ikkje éin stor tettstad som mange andre kommunar, men mange mindre. Hagan er den største av desse tettstadene og ligg i sør like ved bygrensa til Oslo. Rotnes ligg i midtre del av kommunen. I nordlege delar av kommunen, som òg blir kalla Hakadal, er Åneby den største av fleire små tettstader.