Nigel Olsson (fødd 10. februar 1949) er ein engelsk trommeslagar, som er mest kjend for arbeidet sitt med Elton John. Når han ikkje har arbeidd med John, har han jobba mykje som studiomusikar og har òg hatt ein eigen solokarriere.
Nigel Olsson | |||
Olsson med Elton John band i mai 2007 i Alabama | |||
Fødd | 10. februar 1949 (75 år) Wallasey i Merseyside i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wallasey | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1967–i dag | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | trommer, vokal, tamburin, congatrommer | ||
Tilknytte artistar | Plastic Penny, Elton John, Uriah Heep, Spencer Davis Group | ||
Plateselskap | Page One, Uni, Rocket, Polydor, Columbia, Bang, 81, Artful Balance | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent |
Det første bandet han spelte inn med var Plastic Penny. Han slo seg så saman med bassisten Dee Murray, og spelte i konsertbandet til Elton John, og sidan på mange av dei mest kritikarroste albuma hans. I 1971 gav Olsson ut det første soloalbumet sitt, Nigel Olsson's Drum Orchestra and Choir med Murray og ein av dei første gitaristane til John, Caleb Quaye. Olsson spelte òg med bandet The Big Three. Han slutta å spele med Elton John etter 1975, men kom attende i turnebandet hans i 2000.
Olsson var òg ei kort stund i det engelske hardrockbandet Uriah Heep, og spelte trommer på nokre songar på debutalbumet deira Very 'eavy... Very 'umble i 1970.
Diskografi
År | Artist | Album | Selskap |
---|---|---|---|
1971 | Nigel Olsson | Nigel Olsson's Drum Orcehstra and Choir | Uni Records |
1973 | The Big Three | Resurrection | Polydor Records |
1975 | Nigel Olsson | Nigel Olsson | Rocket Records |
1978 | Nigel Olsson | Nigel Olsson | Columbia |
1979 | Nigel Olsson | Nigel | Columbia |
1980 | Nigel Olsson | Changing Tides | Bang Records |
2001 | Nigel Olsson | Move The Universe | 81 Records |
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.