norsk psykiata From Wikipedia, the free encyclopedia
Nic Waal, fødd Caroline Schweigaard Nicolaysen (1. januar 1905–28. mai 1960) var ein norsk lege og føregangsperson innan barnepsykologi og barnepsykiatri.
Nic Waal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1905 Christiania |
Død | |
Yrke | psykiater, skribent, barnelege |
Språk | norsk |
Medlem av | Mot Dag |
Ektefelle | Sigurd Hoel |
Nic Waal på Commons |
Ho tok artium i 1923 og vart cand.med. i 1930. Etter turnusteneste tok ho spesialistutdanning i psykoanalyse i Berlin. Både før og etter dette gjekk ho sjølv i psykoanalyse, både terapeutisk og didaktisk, blant anna hos Harald Schjelderup og Wilhelm Reich. Ho vart godkjent psykoanalytikar i 1933, spesialist i psykiatri 1951 og i barnepsykiatri 1953.
Den offentleg verksemda hennar byrja allereie i studietida, med foredrag om familieplanlegging og seksuell frigjering. Som privatpraktiserande lege i Oslo 1932 til 1939 vart ho gjenstand for ei Chat Noir-vise: «Fru Nic Hoel har psykoanalysert meg, har ‘a psykoanalysert deg?».
Ho hadde ulike stillingar innan psykiatri ved sjukehus i Oslo 1939-1954. I 1951 opna ho i Oslo Dr. Waals institutt for barn med tilpasningsvanskeligheter, Noregs første tilbod innan barnepsykiatri. Instituttet vart utvida i 1953 og kalla Nic. Waals Institutt. Ho leia instituttet til hø døydde i 1960.
Posten utgav i 2005 eit frimerke i høve 100-årsdagen for fødselsdagen til Waals.Norwegian stamps 2005 Arkivert 2016-03-11 ved Wayback Machine.
Nic Waal var gift med forfattaren Sigurd Hoel 1927-1936. Ho var òg gift med Wessel Waal frå 1937 og hadde to born med han, Berit og Helge. I 1951 gifta ho seg med lege Axel Helju, eit ekteskap som varte til 1954. I oppveksten og studietida pleidde ho omgang med Mot Dag-kretsen til Trygve Braatøy, Trygve Bull, Karl Evang og Erling Falk.
Nic Waal deltok under krigen aktivt i motstandsarbeidet, blant anna ved å føre jødiske born til Sverige. Ho vart arrestert og var flyktning i Sverige våren 1945. For dette vart ho heidra med æresbevisinga Righteous Among the Nations.
Meir kuriøst kan nemnast at ho i 1929 omsette kriminalromanen Mordaren i den kinesiske eske til norsk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.