Newtons rørslelover
From Wikipedia, the free encyclopedia
Newtons rørslelover er tre fysiske lover som i lag legg grunnlaget for klassisk mekanikk. Dei skildrar forholdet mellom ein lekam og kreftene som verkar på han, og rørsla desse kreftene skapar. Dei har vorte formulerte på mange måtar i løpet av dei nesten 300 åra sidan Isaac Newton først formulerte dei,[1] og kan oppsummerast som følgjer:
- Newtons første lov: Når resultanten av alle kreftene som verkar på ein gjenstand er lik null, er gjenstanden i ro eller i rørsle med konstant fart langs ei rett linje.[2][3]
- Newtons andre lov: Akselerasjonen til ein lekam er direkte proporsjonal til, og same retninga, som nettokrafta som verkar på lekamen og omvendt proporsjonal til massen til lekamen. Det vil sei at F = ma, der F er nettokrafta som verkar på lekamen, m er massen til lekamen og a er akselerasjonen til lekamen.
- Newtons tredje lov: Når ei kraft verkar på ein lekam, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå lekamen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5d/Newtons_laws_in_latin.jpg/220px-Newtons_laws_in_latin.jpg)
Dei tre lovene vart først nedskrivne av Isaac Newton i hans Philosophiæ Naturalis Principia Mathematica (Matematiske prinsipp i naturfilosofien), som først vart publisert i 1687.[4] Newton nytta dei til å forklare og undersøke rørsla til mange fysiske lekamar og system.[5]
Den newtonske mekanikken er i dag erstatta av spesiell relativitet, men er framleis nyttig som ei tilnærming når hastigheitene som er involvert er mykje mindre enn lysfarten.