Neuwerk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Neuwerk er ei øy i Vadehavet i Nordsjøen utanfor kysten av Tyskland. Ho ligg nordvest for Cuxhaven, mellom elvemunningane til Weser og Elbe. Neuwerk er ein del av Dei austfrisiske øyane, er 3 km² stor og har 36 innbyggjarar (2006). Administrativt høyrer Neuwerk til Hamburg, sjølv om avstanden til byen er om lag 120 km.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Neuwerk | |
---|---|
Neuwerk | |
Geografi | |
Stad | Vadehavet i Nordsjøen |
Koordinatar | 53°55′N 8°30′E |
Øygruppe | Dei austfrisiske øyane
|
Areal | 3 km²
|
Administrasjon | |
Land | Tyskland |
Delstat | Hamburg
|
Demografi | |
Folketal | 36 (2006) |
Folketettleik | 12 /km² |
Lukk
Ved fjøre er det mogeleg å gå til øya frå Cuxhaven, elles må ein nytte båt.
Dei mindre øyane Scharhörn og Nigehörn nær Neuwerk er fuglereservat, som er stengd for publikum. Alle dei tre øyane og Vadehavet rundt dei dannar Schleswig-Holsteinisches Wattenmeer nasjonalpark.