![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8a/Lac_de_neuchatel.jpg/640px-Lac_de_neuchatel.jpg&w=640&q=50)
Neuchâtelsjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Neuchâtelsjøen (fransk Lac de Neuchâtel, tysk Neuenburgersee) er ein innsjø i det vestlege Sveits. Fire kantonar har grense til innsjøen; Neuchâtel ligg nordvest for innsjøen, Bern i nordaust, Fribourg i søraust, medan Vaud grensar til Neuchâtelsjøen både i søraust og i sør og sørvest.
Kjappe fakta Land, Tilsig ...
Neuchâtelsjøen | |||
Lac de Neuchâtel Neuenburgersee | |||
innsjø | |||
Med Bielsjøen og Mortensjøen i bakgrunnen | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Thielle (Orbe), Arnon, Areuse, Seyon, canal de la Sauge, Mentue | ||
Utløp | Thielle-kanalen | ||
Nedslagsfelt | 2 670 km² km² | ||
Opphaldstid | 8,2 år | ||
Høgd over havet | 429 moh. | ||
Lengd | 38,3 km | ||
Breidd | 8,2 km | ||
Areal | 218,3 km² | ||
Middeldjupn | 64,2 m | ||
Største djupn | 152 m | ||
Volum | 13,77 km³ | ||
Koordinatar | 46°54′N 6°51′E | ||
Byar | Neuchâtel, Yverdon, Estavayer-le-Lac | ||
![]() Neuchâtelsjøen 46.9°N 6.85°E / 46.9; 6.85 | |||
Wikimedia Commons: Lake Neuchâtel | |||
Lukk
Neuchâtelsjøen har eit areal på 218,3 km² og er den største innsjøen som ligg heilt innanfor grensene til Sveits. Han er 38,3 kilometer lang og 8,2 km på det breiaste. Innsjøen ligg 429 meter over havet, og er på det djupaste 152 meter, den 59. djupaste i Europa. Han har eit vassvolum på 14,0 km³ og drenerer eit område på om lag 2670 km².
Byen Neuchâtel ligg ved nordvestbreidda av Neuchâtelsjøen, medan Yverdon ligg ved sørenden.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/77/Panorama_neuenburgersee.jpg/640px-Panorama_neuenburgersee.jpg)