From Wikipedia, the free encyclopedia
Nattklubb eller diskotek er ein utestad som held opent på kvelds- og natterstid, og som vanlegvis har unge menneske som målgruppe. Nattklubbar har gjerne bar med alkoholservering, dansegolv og stolar ein kan slappe av i. Det er vanleg med høg musikk, dempa ljossetjing og ljoseffektar. Ein må som regel stå i kø og passera ei dørvakt for å koma inn på klubben, og det blir ofte kravd inngangspengar.
Utestadane rettar seg ofte mot eit særskild publikum, til dømes gothar, homofile eller dei som liker ein viss type musikk, som rock, trance eller rhythm and blues. Dei kan ha opptredenar frå til dømes musikarar, komikarar eller stripparar for å trekka fleire folk. Blant vanleg tilsette finn ein som regel bartenderar, ein DJ, og folk som ryddar (til dømes ved å samla inn glas).
Ein girer seg gjerne opp til feststemning før ein går til ein nattklubb, til dømes ute på ein bar eller heime på eit vorspiel.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.