Nato-alfabetet
From Wikipedia, the free encyclopedia
NATO-alfabetet, ofte misvisande omtala som eit fonetisk alfabet, er ein vanleg måte å bokstavere ord på. Det blir brukt innafor NATO, og dermed også det norske militæret.
- Må ikkje forvekslast med det internasjonale fonetiske alfabetet.
Den internasjonale teleunionen (ITU), Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart (ICAO) og andre organisasjonar rår til at det «det fonetiske alfabetet til Nato» vert brukt. Bakgrunnen er at ITU og ICAO har utarbeidt to praktisk tala like bokstaveringsalfabet som seinare er tekne i bruk av m.a. Nato og ei rekkje andre instansar (det finst somme små skilnader mellom tilrådingane, sjå tabellen under.).