From Wikipedia, the free encyclopedia
Nataša Pirc Musar (fødd 9. mai 1968) er ein slovensk advokat, journalist, forfattar og politikar som frå 23. desember 2022 har vore president i Slovenia. Ho har tidlegare hatt ei rolle som eit nasjonalt data/informasjonsombod[lower-alpha 1] (2004–2014) og ho har vore president i den slovenske Raudekrossen (2015–2016).
Nataša Pirc Musar | |||
| |||
Fødd | 9. mai 1968 (56 år) Ljubljana | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Slovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia | ||
Parti | partilaus | ||
Yrke | journalist, jurist, politikar, kommunikasjonsdirektør | ||
Utdanna ved | Universitetet i Ljubljana Universitetet i Wien | ||
Ektefelle | Aleš Musar | ||
Alle verv |
I 2022 melde Pirc Musar sitt kandidatur til valet av president for republikken Slovenia og sigra i andre runde over motstandaren sin, Anže Logar. Ho blei vald som den fyrste kvinnelege presidenten i Slovenia. Ho tiltredde stillinga 23. desember 2022.[1] Etter den slovenske forfatninga har presidenten hovudsakleg ei seremoniell rolle.[2]
Nataša Pirc Musar blei fødd 9. mai 1968 i Ljubljana i det dåverande Jugoslavia.[3] Ho har studert juss ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Ljubliana. Etter eksamen i 1997, da ho også fekk advokatløyving, jobba ho i ulike fjernsynskanalar.[4] Frå 2001 var ho leiar for kommunikasjonsavdelinga i Aktiva Group.[5] Frå 2004 til 2014 var Pirc Musar data- og informasjonsombod ved den slovenske høgsteretten.[6]
Ho tok doktorgrad ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Wien i 2015.[7][8][9]
23. juni 2022 kunngjorde Pirc Musar at ho stilte som uavhengig kandidat til presidentvalet som skulle finne stad 23. oktober 2022.[10][11] Ho var den fyrste som melde kandidaturet sitt, og fekk støtte frå dei tidlegare presidentane Milan Kučan og Danilo Türk.[12]
I den fyrste valomgangen i presidentvalet blei Pirc Musar nummer to med 26,88 % mot kandidaten Anže Logar frå Det slovenske demokratiske partiet, som fekk 33,95 % av røystene. I andre valomgang 13. november 2022 fekk Pirc Musar 53,89 %.[13] Ho blei tatt i eid som president 23. desember 2022.
Pirc Musar er gift med forretningsmannen Aleš Musar.[14][15]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.