Nasjonalromantikken
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nasjonalromantikken er ei åndshistorisk retning, og ei grein av romantikken, som tek særskilt omsyn til folk og folkekultur.
Opphavet til nasjonalromantikken finst i tankegodset til filosofen Johann Gottfried Herder. Han gav uttrykk for at alle folkeslag eller nasjonar hadde ei særskild kultur med eigne uttrykk det skulle takast vare på. Han gav ut ei samling volkslieder i 1760-åra, der han hadde samla folkeviser frå heile Europa. Samstundes skapte Herder omgrepet Volkstum, som vart viktig for den nasjonalromantiske rørsla.
Rørsla vart skapt då tankane til Herder møtte den gryande tyske nasjonalkjensla tidleg på 1800-talet, og vart òg inspirert av Ossian-samlinga, ei kjend samling keltiske viser og dikt, utgjeve i Skottland. Rørsla skaut fart i Tyskland under trykket frå Napoleonskrigane, og fekk eit åndeleg senter i universitetsbyen Heidelberg. Her møttest Grimm-brørne, filosofen Friedrich Schlegel og andre.
I 1804 kom det ut ei samling tyske småstubbar og barnerim, Des Knaben Wunderhorn. Denne sette i gang ei rein bølgje. Ikkje lenge etter tok Jakob og Wilhelm Grimm til med å samle tyske målprøver og eventyr. Samlinga deira kom ut i 1812, samstundes som dei arbeidde med den tyske ordboka og registreringa av tysk språk.
Arbeidet som vart gjort i Tyskland fekk snart åtgaum i andre land. Soleis vart det nasjonalromantisk rørsle i Sverige, England og andre stader.