From Wikipedia, the free encyclopedia
Naomi Wolf (fødd 12. november 1962) er ein amerikansk forfattar. Ho har blitt ei bokleg stjerne som ein del av den nyare feministiske rørsla. Ho er også kjend som talskvinne for progressiv politikk.
Naomi Wolf | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 12. november 1962 (61 år) San Francisco |
Yrke | politisk skribent, aktivist, politisk rådgiver, faglitterær forfattar, journalist, kvinnesaksforkjemper, skribent |
Far | Leonard Wolf |
Mor | Deborah Goleman Wolf |
Ektefelle | David Shipley |
Naomi Wolf på Commons |
Wolf vart fødd i San Francisco i California i 1962. Far hennar, Leonard Wolf, var forfattar. Ho gjekk på Lowell High School og debatterte i regionale taleturneringar som eit medlem av Lowell Forensic Society. Ho gjekk på Yale-universitetet, der ho i 1984 fekk hennar Bachelor of Arts i engelsk literatur; ho vart ein Rhodes-Scholar ved New College i Oxford ifrå 1985 til 1987.
Naomi Wolf vart berømt for si første bok The Beauty Myth (1991), som vart ein internasjonal bestseljar. I denne boka kritiserar ho mote og skjønnheitsindustrien for å utnytte kvinner. Wolf argumenterte at kvinner fortener «valet til å gjere kva me vil med våre fjes og kroppar utan å bli straffa av ein ideologi som brukar haldningar, økonomisk press og sjølv lovlege dommar for å gjere kvinner sin utsjånad til å underminere oss psykologisk og politisk.» Wolf skreiv at kvinner var under angrep av «skjønnheitsmyten» på fem område: arbeid, religion, sex, vald, og hunger.
Wolf si bok fekk skryt både av feministar og meir vanleg media. Feministen Germaine Greer skreiv at The Beauty Myth var den viktigaste feministiske publiseringa sidan The Female Eunuch.[1] Den britiske forfattaren Fay Weldon kalla boka ein sterk og lidenskapeleg polemikk, essensiell lesnad for Den Nye Kvinna[2]
I The End of America tar Wolf eit historisk blikk på fascismen sitt kome, og set opp 10 steg som trengst for ein stat til å ta kontroll om individa sine liv:
Boka forklarar korleis dette mønsteret vart følgd i Nazi-Tyskland og Mussolini sitt Italia, såvel som andre stadar. Dette vert sett opp imot noverande makttilhøve i amerikansk politikk sidan 11. september åtaket.
Wolf var gift med den tidlegare taleskrivaren til Clinton, David Shipley. Dei fekk to barn.[3] Dei skilde lag i 2005.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.