NSB type 18
From Wikipedia, the free encyclopedia
Type 18 var ein damplokomotivtype hos NSB produsert i perioden 1900 til 1919 hos Hartmann og Hamar Jernstøberi. Typen var opphavleg ment for Nordbanen, men dei vart tatt i bruk på dei fleste linjer rundt kring om i Noreg. Det vart bygd 35 stk av denne typen i modellane 18a, 18b og 18c, der den seinaste modellen c var noko tyngre og hadde eit større sylinderdiameter og slagvolum. Dei tidlege modellane, 18a og 18b, vart seinare oppgradert til c-standard. Type 18 har rundt 825 hestekrefter og ei tjenestevekt på 81 tonn inkludert tenderen. Topphastighet er på 65 km/t. Etterkvart som jernbanetrafikken tok seg opp vart desse maskinene erstatta av kraftigare lokomotiv.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
NSB type 18 | |
---|---|
NSB Type 18c 255 ved Garnes, Gamle Vossebanen. | |
Informasjon | |
Produsent | Hartmann, Hamar Jernstøberi |
Byggeår | 1900–1919 |
Tal bygd | 35 stk |
Spesifikasjonar | |
Lengd | 15625 mm |
Høgd | 4100 mm |
Tenestevekt | 78,3 tonn |
Akselrekkefølgje | 2'C-2'2' |
Drivhjuldiameter | 1445 mm |
Hjulavstand | (mellom drivhjul) 1675 mm |
Toppfart | 65 km/t |
Yting | ca. 825 hk |
ca. 615,2 kW | |
Sjå òg: Kategori:Lokomotiv |
Det siste lokomotivet av NSB Type 18c nummer 255 bygd i 1913 av Hamar Jernstøberi vart utrangert den 25. august 1969 og har sidan vore tatt vare på av Bergen Teknisk Museum. Dette lokomotivet vart òg restaurert i perioden 1980 til 1992 av Norsk Jernbaneklubb og blir i dag disponert ved Gamle Vossebanen der det er i drift kvar sommar. 18 255 var opphavleg stasjonert ved Eidsvold – Ottabanen, men vart seinare nytta i Drammen, Oslo og Trondheim distrikt. I Trondheim distrikt trafikkerte det linja mellom Grong og Namsos.