Néa Smýrni
From Wikipedia, the free encyclopedia
Néa Smýrni (gresk Νέα Σμύρνη) eller Nea Smirni er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2] Néa Smýrni ligg om lag 5 km sørvest for sentrum av Aten og om lag 6 km aust for Pireus.
Meir informasjon Néa Smýrni Lokalt namn Νέα Σμύρνη, Geografi ...
Néa Smýrni Lokalt namn Νέα Σμύρνη | |
---|---|
Frå Venizélos-gata i Néa Smýrni | |
Geografi | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 37°57′N 23°43′E |
Areal | 3,52 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Attikí Sør-Aten |
Hovudsete | Néa Smýrni (72 853 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 72 853 (2021[1]) |
Folketettleik | 20 697 /km² |
Lukk
Området bestod tidlegare av jordbruksområde og noko skog. I 1922 kom det mange flyktningar til staden frå Smyrna (i dag Izmir) etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922. Dei slo seg ned her og danna Néa Smýrni, eller Nye Smyrna, og området vart etter kvart urbanisert. I dag består området stort sett av bustadar.