![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/08/Skt._Peders_Kirke_-_N%25C3%25A6stved.jpg/640px-Skt._Peders_Kirke_-_N%25C3%25A6stved.jpg&w=640&q=50)
Næstved
by på Sjælland / From Wikipedia, the free encyclopedia
Næstved er ein by i Næstved kommune på Sjælland i Danmark, ved der elva Suså renn ut i Karrebæk Fjord. I byen Næstved bur 43 490 menneske (2021) , som elles er administrasjonen i kommunen.
Kjappe fakta Land, Folketal ...
Næstved | |||
by | |||
St. Peders kirke i Næstved | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Folketal | 44 996 (2023) | ||
![]() Næstved 55.23333333°N 11.76666667°E / 55.23333333; 11.76666667 | |||
Wikimedia Commons: Næstved | |||
Lukk
Byen voks opp kring eit benediktinarkloster grunnlagt i 1135. På 1300- og 1400-talet var Næstved ein av Danmarks største byar, mellom anna med rett til å prege myntar.
Næstved er i dag eit regionsenter med gode trafikksamband og forretningar som trekker kundar frå eit stort omland, mellom anna store delar av Lolland-Falster. Mange mellomalderbygningar fins att, så som St. Peders kirke frå 1200-talet, St. Mortens kirke frå 1300-talet, og Helligåndshuset frå 1420.