Náxos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Náxos (gresk Νάξος, italiensk Nasso, tyrkisk Nakşa)) er ei øy i Hellas og den største øya i Kykladane i Egearhavet med eit areal på 430 km². Ho var sentrum for den gamle kykladiske kulturen.
Náxos Lokalt namn Νάξος | |
---|---|
Náxos by | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°5′00″N 25°28′00″E |
Øygruppe | Kykladane
|
Areal | 429,8 km²
|
Høgaste punkt | Zas (999 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune | Dei sørlege egeiske øyane Náxos Náxos og dei små Kykladane |
Største busetnad | Náxos (8 551 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 14 708 (2021[1]) |
Folketettleik | 34,2 /km² |
Náxos hadde tidlegare to kommunar, Náxos og Drymalía, men desse inngår frå 2011 som kommunaleiningar i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som òg omfattar dei mindre øyane Donoúsa, Koufonísia, Skhinoúsa og Iráklia. Kommunen høyrer til under periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Náxos er hovudstad i periferieininga.[2]
Den største byen og administrasjonssenteret på øya er Náxos by, stundom kalla Khóra. Andre større landsbyar er Filóti, Apérathos, Tragéa (Khalkí), Kóronos, Sagrí og Apóllonas.
Ved folketeljinga i 20121 hadde kommunaleininga Náxos 14 708 innbyggjarar, medan tettstaden Náxos by hadde 8 551 innbyggjarar.[1]
Náxos er ein populær turistdestinasjon med fleire lett tilgjengelege ruinar. Ho har mange vakre strender som Ajía Ánna, Ájos Prokópios, Kastráki, Mikrí Vígla, Pláka og Ájos Jeórjos, dei fleste nær Khóra.
Náxos er den frodigaste øya i Kykladane. Ho har god tilgang på vatn, som det elles finst lite av i området. Fjellet Zas (999 moh) er den høgaste toppen i Kykladane og fører til orografisk nedbør, som gjev meir nedbør på Náxos enn dei omliggande øyane.