![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/11/M%25C3%25A5lselva_fjord_%25283%2529.jpg/640px-M%25C3%25A5lselva_fjord_%25283%2529.jpg&w=640&q=50)
Målselvfjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Målselvfjorden er ein fjordarm av Malangen i Senja og Målselv kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 16 km sørover til Karlstad i botn av fjorden.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Målselvfjorden | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommunar | Målselv, Senja | ||
Del av | Malangsfjorden | ||
![]() Målselvfjorden 69.341°N 18.51178°E / 69.341; 18.51178 | |||
Wikimedia Commons: Målselvfjorden | |||
Lukk
Fjorden har innløp mellom Sultindvikneset i vest og Målnesodden i aust. Bygda Sultindvik (Ytre og Indre) ligg på vestsida av fjorden like ved innløpet. Litt lenger inn i fjorden ligg bygda Målsnes på andre sida. I den indre delen av fjorden ligg Ingvardholmen, Olderholmen og Killingholmen. Inst i fjorden munnar Målselva ut.
Riksveg 854 går langs austsida av fjorden. På vestsida går Fv261 i den ytre delen, medan Fv179 går langs den indre delen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8d/Malselvfjord.jpg/640px-Malselvfjord.jpg)