Myrmalm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Myrmalm er førekomster av jern i myrområde. Utvinning av jern frå myrmalm vert kalla jernvinne.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/54/Limonite_bog_iron_cm02.jpg/320px-Limonite_bog_iron_cm02.jpg)
Eit museum vigd heilt til verksemda knytt til jernvinne i Noreg er Jernvinnemuseet i Bykle i Setesdal i Aust-Agder fylke.
Sjømalm har same samansetnaden som myrmalm og vert danna på botnen av næringsfattige (oligotrofe) innsjøar. Sjømalm var i tidlegare tider ein viktig ressurs som gjerne vart henta opp om vinteren frå råk i isen. Dei finst i ulike former, gjerne som enkrusteringar eller som rundaktige klumpar (ertemalm). Ertemalm er kjent frå blant anna Storsjøen i Nord-Odal.