Sting
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gordon Matthew Thomas Sumner (fødd 2. oktober 1951), betre kjend med artistnamnet Sting, er ein engelsk musikar, songar-låtskrivar, multi-instrumentalist, aktivist, skodespelar og filantrop. Han er mest kjend som låtskrivar, songar og bassist for det nyskapande new wave-rockebandet The Police og solokarrieren som følgde.
Sting har nytta mange musikkstilar, med element frå rock, jazz, reggae, klassisk, new-age og worldbeat, i musikken sin.[1] Som solomusikar og medlem av The Police har Sting fått 16 Grammyprisar for musikken sin, den første for beste rockeinstrumental i 1980, tre Brit Awards – mellom anna beste mannlege artist i 1994, ein Golden Globe, ein Emmy Award, og fleire Oscarnomniasjonar for beste song. Han vart innlemma i Songwrites Hall of Fame i 2002 og Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Police i 2003. I 2000 fekk han ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Han vart oppført på International Best Dressed List for best kledde mann i 2001.
Inkludert åra med The Police har Sting seld over 100 millionar plater verda over. I Storbritannia har hann fått sju platinaplater, tre gullplater og ei sølvplate, og i USA ni platinaplater og tre gullplater. I 2006 rangerte magasinet Paste han på 62. plass på lista deira over «100 beste nolevande låtskrivarar».[2] Han vart rangert på 63. plass på lista til VH1 over 100 største rockeartistar,[3] og 80. plass på lista til magasinet Q over dei 100 største musikkstjernene på 1900-talet.[4] Sting har òg samarbeidd med andre musikarar, som «Rise & Fall» med Craig David, «Money for Nothing» og den store hitten «All for Love» med Bryan Adams og Rod Stewart.