From Wikipedia, the free encyclopedia
Museet Gamle Vossebanen er ei museumsjarnbane som køyrar veterantog på ei 18 kilometer lang einspora line mellom Garnes stasjon og Midtun på ei nedlagd strekning av jarnbanelina Vossabanen i Bergen kommune. Museet Gamle Vossebanen er den einaste veteranjarnbana i Noreg på ei hovudline, til saman 21 kilometer mellom Tunestveit og Midtun i Bergen kommune, og er eit nasjonalt kulturminne ved å ha til rådvelde både rullande materiell og faste installasjonar av gamal dato.
Heile den jarnbanestrekninga som museumsjarnbanen nyttar ein del av til køyring av veterantoga, vart overflødig då den nye og kortare tunneltraseen for Vossabanen (som er ein del av Bergensbanen) gjennom Ulrikstunnelen og Arnanipatunnelen var klar til bruk i 1964. Gamle Vossebanen ender no på Midtun, men er framleis intakt i andre enden, innover frå Garnes stasjon, og kopla inn på Bergensbanen ved utløpet av Arnanipatunnelen på Tunestveit på Takvam. Difor er det mogleg å køyre museumstoga inn på dagens Bergensbanen.
Veterantoget på Gamle Vossebanen nyttar damplokomotiv av NSB type 18 og dei gamle trevognene med ytterkledning av teak. Toget vert køyrd kvar sundag frå midten av juni til midten av september. Turen går gjennom Arnadalen til Haukeland, der terrenget skifter karakter til typisk vestlandsnatur med tunnelar og fjellsider, og med sjøen rett nedanfor lina. Etter 18 kilometer kjem toget til Midtun, som altså er endepunktet for den gamle Vossabanen i dag. Her er det oppretta ein haldeplass med kryssingsspor for veterantoget.
Teiknforklaring | |||
frå Bergensbanen ved Tunestveit | |||
463,13 km | Garnes (1883) | 21,2 moh. | |
Fv276 Garnesvegen | |||
465,56 km | Seimsmark (1941–1964) | ||
Fv276 Garnesvegen × Fv277 Indre Arna-vegen (rundkyøring) | |||
466,79 km | Arna gamle stasjon (1883) | 21,4 moh. | |
468,77 km | Arnatveit (1931–1964) | ||
580 Hardangervegen | |||
471,32 km | Espeland (1899) | 70,6 moh. | |
Fv237 Lonaleitet | |||
472,68 km | Lone (1924) | ||
Kalihaugen | |||
Vesthagen | |||
474,29 km | Haukeland (1883) | 81,6 moh. | |
Brattlandsvegen | |||
474,92 km | Søylen (89 m) | ||
Bratland (1958–1964) | |||
Brattlandsvegen | |||
475,54 km | Bratland (258 m) | ||
476,36 km | Grimen (123 m) | ||
Erdalsvegen | |||
Grimåsen (1924–1964) | |||
580 Hardangervegen | |||
478,12 km | Helldal II (21 m) | ||
478,18 km | Helldal I (11 m) | ||
Helldalsneset | |||
478,92 km | Helldal (1886) | 68,4 moh. | |
Helldalshaugen | |||
Dyngelandsvegen | |||
479,19 km | Frank Mohn sidespor | ||
481,05 km | Midtun (1925) | ||
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.