elv i Romania og Ungarn From Wikipedia, the free encyclopedia
Mureș (på rumensk) eller Maros (på ungarsk) er ei 725 km lang elv i Aust-Europa. Ho har utspring i Giergeukjeda aust i Karpatane i Romania og munnar ut i Tisza ved Szeged søraust i Ungarn.
Mureș renn gjennom dei rumenske fylkea Harghita, Mureș, Alba, Hunedoara og Arad, og det ungarske fylket Csongrád. Byane Toplița, Reghin, Târgu Mureș, Iernut, Luduş, Ocna Mureș, Aiud, Teiuș, Alba Iulia, Deva og Arad i Romania og Makó og Szeged i Ungarn ligg alle langs elva.
Mureș vart kalla Marisus i antikken. På tysk vart ho òg kalla Mieresch og Marosch av dei transylvanske Siebenbürgen-sakserane og det ein gong austerrikske Habsburg-styret. Salt vart frakta på elva i mellomalderen på store flåtar.
Den ungarske delen av Maros er 50 km lang (21 km av ho dannar landegrensa mellom dei to landa). Om lag 2 850 mål på nordsida av elva er ein del av Körös-Maros nasjonalpark.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.