Multikøyring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Multikøyring (engelsk multitasking) gjer det mogeleg for eitt operativsystem å køyra fleire prosessar samstundes.
Mange datamaskiner kan berre køyra ein (data)tråd om gongen, men dels for å skapa eit inntrykk av det at skjer samstundes, dels for å effektivt utnytta ulike delar av datamaskina, har datamaskina ei kø av aktive prosessar og byter mellom desse titals gonger per sekund eller oftare. Så lenge datamaskina ikkje er overbelasta opplever eit menneske det som at trådane køyrast samstundes. Datamaskiner med fleire prosessorar kan køyra fleire trådar samstundes, men nyttar vanlegvis likevel den her skildra tidsdelte multikøyringa.