Ngauruhoe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mount Ngauruhoe eller berre Ngauruhoe er ein aktiv stratovulkan eller samansett kjegle på New Zealand, samansett av lag av lava og tefra. Han er den yngste ventilen i vulkankomplekset Tongariro på det sentrale platået på Nordøya, og hadde det første utbrotet for om lag 2 500 år sidan. Sjølv om fjellet for det meste vert sett på som ein sjølvstendig vulkan, er det teknisk sett ei sekundær kjegle på Mount Tongariro.
Kjappe fakta Land, Fjelltype ...
Mount Ngauruhoe | |||
fjell | |||
Mount Ngauruhoe | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Fjelltype | Stratovulkan | ||
Høgd | 2 291 moh. | ||
Siste utbrot | 1977[1] | ||
Lettast tilkomst | Scramble (sumar) | ||
Førstestiging | John C. Bidwill, 1839 | ||
Koordinatar | 39°9′24,6″S 175°37′55,8″E | ||
Mount Ngauruhoe 39.156944444444°S 175.63194444444°E / -39.156944444444; 175.63194444444 | |||
Wikimedia Commons: Mount Ngauruhoe | |||
Lukk
Vulkanen ligg mellom dei aktive vulkanane Mount Tongariro i nord og Mount Ruapehu i sør, vest for Rangipo Desert og 25 km sør for den sørlege breidda til Lake Taupo.