Monte Darwin er eit av dei høgste fjella i Eldlandet. Den nær 2 500 meter høge fjelltoppen ligg i den chilenske delen av Storøya i Eldlandet. Monte Darwin ligg i fjellkjeda Cordillera Darwin på nordsida av Beagle-kanalen. Fjellet er dekt av isbrear, særleg sørsida har store brear. Berggrunnen er kristallinsk glimmerskifer.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Monte Darwin
fjell
Thumb
Land  Chile
Fjellkjede Cordillera Darwin
Høgd 2 488 moh.
Koordinatar 54°45′S 69°29′W
Førstestiging Eric Shipton
 - dato Februar 1962
Thumb
Monte Darwin
54.75°S 69.483333333333°W / -54.75; -69.483333333333
Thumb
Kart som viser Monte Darwin.
Kart som viser Monte Darwin.
Lukk

Sommaren 1962 kleiv briten Eric Shipton til topps saman med tre chilenarar; Eduardo Garcia, Federico Vivanco og Cedomir Marangunic. Beste tida for ein topptur er sommarstida frå midten av desember til ut mars.

Fjellet fekk namnet sitt under den andre ekspedisjonen med HMS Beagle. Kaptein Robert FitzRoy gav det namnet Mount Darwin, i høve ekspedisjonsmedlemen Charles Darwin sin 25-årsdag, 12. februar 1834.

Mount Darwin ligg i Alberto de Agostini nasjonalpark.

Kjelder


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.