Mobbeåtferd
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mobbeåtferd er eit åtferdsfenomen ein hovudsakleg finn mellom små fuglar. Åtferdsmønsteret går ut på at ein flokk små dyr samarbeider om å trakassera og gjerne jaga vekk predatorar i nærleiken. Fenomenet førekjem helst hjå artar som har ungar som ofte vert jakta på, og har oppstått fleire gongar i evolusjonen.
I tillegg til å jaga vekk predatorar, har mobbeåtferd òg fleire effektar. For det første skapar det oppstuss rundt predatoren, noko som gjer det umogleg å gjere snikåtak. Det lærar òg ungdyr opp til å kjenna att forskjellige predatorar.
Mobbeåtferd kan vera interspesifikk, det vil seie omfatta fleire artar. Ein observerer ofte ulike artar slå seg saman for å mobba ein felles predator. Til dømes kan eit heilt knippe forskjellige småfugl-artar slå seg saman for å mobba ei kråke, for seinare å slå seg saman med kråka for å mobba ein hauk eller eit rovpattedyr.
Gauken utnyttar mobbeåtferd for å finna småfugl-reir han kan legga egga sine i. Han er farga som ein rovfugl, og kan flyga gjennom eit område som ein hauk for å erta på seg potensielle eggvertar - når dei kjem fram for å mobba gauken, viser dei samtidig kor reira deira ligg.